Andreas Årikstad blir pastor i Bedehuskirken Lyngdal
Andreas Årikstad har takka ja til stillinga som pastor i Bedehuskirken Lyngdal frå 1. januar 2027.
Han kjem frå stillinga som rektor ved Jærtun Lutherske Friskule. Han har tidlegare arbeidd i Misjonssambandet, mellom anna som ungleiar i Region Sør og som utsending til Indonesia.
Årikstad er utdanna teolog og lærar, og har dei siste seks åra vore tilsett som rektor ved Jærtun Lutherske Friskule. Forsamlingsrådet har lagt vekt på at Årikstad kombinerer tydeleg teologisk forankring med brei leiarerfaring og eit sterkt engasjement for evangeliet. Han har gode føresetnader for å samle menneske med ulike ståstader og for å tene meinigheita gjennom forkynning, leiarskap og sjelesorg.
Vi er glade for at Andreas har takka ja til kallet, og ser fram til å få han og familien hans med inn i fellesskapet og tenesta i Bedehuskirken Lyngdal.
På vegne av forsamlingsrådet
Livar Apeland
